Vi har mange utenlandske produkter, men vi synes også det er viktig å selge lokale produkter.
Vi ønsker å gi små lokale produsenter et sted å selge sine produkter i Ålesund.
"Garden Lingebakken finn du på Linge i Valldal. Vi som bur og driv her er Elida Brenna Linge og Peje Engström. På Linge har det vorte dyrka frukt og bær i generasjonar. Elida, som også er kunstnar, er sjette generasjon på garden. Lingebakken har vore ein rein frukt- og bærgard sidan vi slutta med kyr på nittitalet.
Vi har så smått byrja å utvikle vår eigen sider. 2020 var det første året vi pressa epla våre sjølve, og det resulterte i to typar; ein rein aroma-most og ein rein discovery-most. I 2021 selde vi vår første sider laga av eigne eple. I etterkant har vi også byrja å produsere eplemost av sorten Rubinola, og ein rein pæremost. Både Aroma, Discovery og Rubinola er sterke sortar som eignar seg godt for økologisk dyrking sidan dei har ein viss naturleg resistens mot soppsjukdommar. Nokre år har vi også pæremost."
© 2024 Delicatessen Løvenvold